UNESCO gjev karakteren «utmerka» til Matbyen Bergen
Bergen sin innsats i UNESCO Creative City of Gastronomy Network vart nyleg evaluert som «utmerka» (excellent) etter dei fire første åra som medlem. Samstundes vart medlemskap og planar for neste fire åra godkjent.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bergen kommune har vore medlem i UNESCO-nettverket sidan 2015. UNESCO sitt nettverk av kreative byar består av 246 byar i 7 kategoriar, mellom dei gastronomi, eller matkultur.
Dei siste fire åra har det skjedd mykje. «Heimesiger» i World Cheese Awards 2018, byens første Michelinstjerne, tilrettelegging for gatemat, sal av sjømat over kai, REKO-ringar og andre marknader og møtestader for bransje og publikum.
Merksemda kring eigen matidentitet er aukande. Byen omfamnar regionale råvarer som sider, frukt og lam. Interessa for tradisjonskjøkken aukar, mellom anna med innføring av Persetorskens dag i år. Bergen har dessutan fått satsinga inn i planane sine, mellom anna med ein eigen matstrategi og Strategi for urbant landbruk, som har resultert i etablering av eigen bybonde.
Identitet og synleggjering
Internasjonalt deltek byen med representantar frå eigen «kokkepool» på matfestivalar og matarrangement i andre UNESCO-byar. Mange av UNESCO-matbyane deltek årleg på Bergen Matfestival. Byen deltek også i internasjonale matprosjekt, mellom anna med skular og matfagopplæring. Universitetet i Bergen deltek no i eit masterstudium i «Food City Design» ved Universitetet i Parma.
UNESCO-komiteen meiner Bergen særleg skil seg ut på tre område:
- forretningsutvikling og innovasjon
- berekraftig gastronomi
- EU-prosjekt om matfagutdanning
Bergen får elles god omtale for arbeidet med sosiale aspekt ved mat, som helse, velferd og berekraft. Byen vert rekna som eit særskilt aktivt medlem, og haustar ros for å fremje bynært landbruk og verdiskaping i den lokale verdikjeda for mat. UNESCO tilrår at Bergen vidare engasjerer seg endå meir i nettverket, spesielt i samarbeid med medlemsbyar i Sør, og at byen også fremjar samarbeid med andre norske byar på kreative område.
Matbyen Bergen = summen av alle gode krefter
Etter Fylkesmannen sitt syn er Matbyen Bergen sin suksess summen av utvikling og kreativitet hjå lokalmatprodusentar, restaurantar, andre mataktørar og matentusiastar i byen og i regionen. I staden for å bruke ressursar på bygging av ein eigen organisasjon, er næringsseksjonen i Bergen kommune sjølv kontaktpunkt for UNESCO-matbyen, koordinerer aktivitetar og driv fram nye initiativ, basert på eigne og regionale ressursar i ei aktiv arbeidsgruppe. Alt frå velforeiningar til destinasjonsselskapet Fjord Noreg har vorte mobilisert. Bergen har og arbeidd tett med den regionale partnarskapen; fylkeskommune, Fylkesmann og Innovasjon Noreg, for å fremje initiativ og utviklingsprosjekt.