Landbrukseigedomar i dødsbu

Dei nye reglane om landbrukseigedomar i dødsbu tok til å gjelde for snart tre år sidan. Arvelova si frist til å overføre landbrukseigedom til ny eigar er tre år etter den tidlegare eigaren døydde.

Publisert 29.10.2024

I arvelova § 99 a, med iverksetting 1. januar 2022, er det sett ein frist for å overføre landbrukseigedom frå dødsbu til ny eigar. Fristen er 3 år rekna frå tidspunktet tidlegare eigar døydde. Føremålet med regelen er å hindre at landbrukseigedomar blir verande i dødsbu over lang tid, då dette kan vere uheldig for både drift og vedlikehald av eigedomen.

Landbrukseigedom er, i denne samanhengen, definert som ein eigedom som har minst fem dekar jordbruksareal eller minst 25 dekar produktiv skog.

Slik reglane no vert praktisert, får landbruksmynde i kommunen melding frå tingretten om kva eigedom det gjeld, og kven som er arvingar. Kommunen har ansvar for å varsle dødsbuet om treårs-fristen.

Mange eigedomar låg i dødsbu før regelendringa kom, og for desse eigedomane vil fristen gå ut 1. januar 2025. Det er verd å merke seg at sjølv om kommunen ikkje har kjennskap til kvar enkelt av desse eigedomane, eller av andre årsaker ikkje har fått varsla arvingane, vil treårs-fristen gjelde.

Dersom landbrukseigedomen ikkje blir overført til ny eigar med tinglyst heimel innan fristen, kan kommunen krevje tvangssal av eigedomen. Etter arvelova § 99 a andre ledd er det mogeleg å søke om forlenging av fristen, dersom det ligg føre særlege grunnar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.