Bioenergi frå skogen
Fotosyntesen er naturen si geniale løysing på fangst og lagring av karbon. Skog og skogbruk er difor viktig med tanke på utfordringar knytt til utslepp av klimagassar, og dermed òg kva energikjelder me nyttar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I motsetning til fossil energi vert bioenergi frå skogvirket rekna som fornybar, sidan karbonet går attende til kretsløpet og vert bunde i ny veksande skog. Dette er framleis omdiskutert sidan forbrenning av biomasse i utgangspunktet slepp ut CO2. Ny akkumulering gjennom tilvekst tek tid og skog som energiressurs kan dermed òg bidra til global oppvarming. Uansett er det viktig at auka bruk av bioenergi skjer innafor berekraftige rammer som tek omsyn til arealbruksendringar, handtering av biogene CO2-utslepp og miljøet, ved uttak av biomasse og i produksjonsprosessen. No er det eit mål å auke bruk av bioenergi. Landbruket kan bidra ved å ta si eiga energikjelde i bruk, t.d. gjennom ved- eller flisfyrte gardsvarmeanlegg.
Gardsvarmeanlegg
På garden vil energitrongen basert på vassboren varme variere alt etter kva produksjon ein har. Dei fleste vil ha trong for oppvarming av bygningar. Oppvarming av drikkevatn eller tilførsel av vassboren golvvarme vil kunne påverke produksjon og forbruk av fôr, t.d. innan mjølkeproduksjon og gris-/smågrisproduksjon. Kyllingproduksjon og veksthusdrift er døme på produksjonar med stor varmetrong. Andre døme er tilleggsnæringar som servering/gardsturisme, gardsmeieri og tørkeanlegg for trelast.
Gardsvarmeprosjekt Vestland
Prosjektet er finansiert av Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune. Målsetjinga er å styrke interessa og kunnskapen rundt bioenergi basert på skogvyrke, og etablering av fleire gardsvarmeanlegg i fylket.
Rådgjeving til bønder om potensialet på garden og ulike støtteordningar er ei sentral oppgåve i prosjektet. Den er nøytral og har ingen bindingar med tanke på fabrikat og utstyrsleverandørar. Prosjektansvarleg har sett seg mål om å gje råd til 18 gardar. Ta gjerne kontakt med ansvarleg for gardsvarmeprosjektet i Vestland dersom dette er interessant for garden din.
Les meir om bioenergi, prosjektet og kantaktinformasjon på bondeboka.no som er kunnskapsbasen for deg som eig og driv ein gard.
Andre kjelder i artikkelen:
- NVE om bioenergi
- Innovasjon Norge om fornybar energi i landbruket
- Ansvarleg for gardsvarmeprosjektet Vestland - Karl Ludvig Ådland, CH4 Engineering AS
Kontaktpersonar
-
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50