Søk tilskot til lokal jordvernstrategi

Gravemaskin, grønt gras, fjøs,
Maskin for dyrking Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

No kan kommunane søkje Landbruksdirektoratet om tilskot til å lage jordvernstrategi. Søknadsfristen er 20. august.

Publisert 10.05.2024

Kommunane har hovudansvaret for arealforvaltninga i Noreg. Dei står heile tida i spagat mellom krav og ønskjer om nedbygging av areal på den eine sida og ansvaret for å ta vare på livsgrunnlaget for denne og framtidige generasjonar på den andre sida. Ein kommunal jordvernstrategi kan vere eit unikt verktøy for å få auka lokalkunnskap om arealressursane i kommunen. Jordvernstrategien er nyttig i arbeidet med alle dei ulike kommunale planane og legg til rette for å ta gode val for matjorda i kommunen.

Matsikkerheit og jordvern

Matjorda er ein ikkje-fornybar ressurs. Dei siste 100 åra har svært mykje matjord i Noreg blitt bygd ned. Samtidig er matsikkerheita i landet stadig meir truga av internasjonale konfliktar og klimaendringar. Jorda er òg svært viktig for lagring av karbon, drenering av vatn ved mykje nedbør og mange fleire økosystemtenester.

Formål

Målet med ein matjordstrategi er å redusere omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord i kommunen. Gjennom arbeidet med ein lokal jordvernstrategi får kommunen auka kunnskap om jorda i kommunen, kva vekstar som kan dyrkast og kvar, kor mykje matjord som finns osb. Då er det lettare å lage langsiktige planar. Prosessen fram mot strategien, med kunnskapsutveksling mellom innbyggjarane, fagfolk og politikarar, er òg viktig for eit godt jordvern.

Tilskot

Det er Landbruksdirektoratet som lyser ut tilskotet. Utlysning av midler til utarbeiding av kommunale jordvernstrategier - Landbruksdirektoratet). Det er 1,87 millionar i den nasjonale potten. Tilskota ligg på ca 100 000 kroner pr kommune. Storleiken på tilskotet kan likevel variere etter forholda ved kvar einskild søknad og etter det totale talet på søknader. Det er difor viktig at kommunen skriv kor mykje dei søkjer om i søknaden, det kan vere både meir og mindre enn 100 000 kroner.

Kriterier for prioritering

Landbruksdirektoratet vil prioritere søknadene om det blir mange søknader. Følgjande blir prioritert:

  • Kommunar med stort utbyggingspress på jordbruksareal
  • Kommunar som snart skal rullere kommuneplanen
  • Kommunar med areal ute av drift
  • Geografisk spreiing av kommunane kan òg bli vektlagt

Tilskotet har òg sine eigne informasjonssider hjå Landbruksdirektoratet (Tilskudd til kommunal jordvernstrategi - Landbruksdirektoratet)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.