Kommunane sprenger jordvernmålet

Mange har merka seg at Noreg vert bygd ned bit for bit. Også kommunane i Vestland har planar om å byggje ned store område.

Publisert 05.12.2024

Planreservar er område som kommunen har sett av til andre føremål enn det areala har i dag. Det kan vere til dømes jordbruksareal, myr og skog som kommunen har bestemt kan byggjast ned med hus, vegar, butikkar med meir. Desse områda er ikkje bygd ned enno, dei er ein reserve klar til nedbygging. Områda kjem i tillegg til det som er mogleg å gjere av fortetting og gjenbruk av allereie nedbygde areal. Kommunane sine planar for arealbruk skal dekke behova for dei neste 10 åra.

I Vestland fylke er det i dag 175 505 dekar med bustader. I tillegg er det sett av 52 401 dekar til bustader i planreserve. Om alle planreservane vert bygd ned, vil bustadarealet i fylket auke med 30 %.

Det er 93 981 dekar med fritidsbustader i fylket. I planreserven er det sett av 64 787 dekar til fritidsbustader. Ei nedbygging av planreservane vil føre til at arealet med fritidsbustader aukar med 69 %.

Idrettsanlegga i fylket dekker 69 403 dekar. I tillegg er det set av 54 237 dekar i planreserve til nye idrettsanlegg. Dersom alt arealet til idrettsanlegg vert bygd ut, vil arealet med idrettsanlegg auke med 78 %.

I tillegg til dette, omfattar planreservane areal til næringsverksemd, offentleg og privat tenesteyting, vegar, parkeringsanlegg og så bortetter. Totalt ligg det 254 637 dekar i reserve i vestlandskommunane sine planar. Det er nesten like stort som heile Samnanger kommune. Eller ein storleik tilsvarande 35 663 fotballbaner etter internasjonal standard.

Matjord under press

Det har dei siste åra blitt eit auka fokus på å ta vare på matjorda eller jordbruksarealet. Vi importerer store deler av den maten vi et her i landet. Totalberedskapskommisjonen peika på at internasjonale utviklingstrekk, som klimaendringar og krigar, gjer at det er usikkert om den internasjonale handelen vil vere velfungerande til ei kvar tid. Det er difor viktig å vere føre var og ta vare på matproduksjonen i landet vårt. Vern av matjord er ei forutsetning for å kunne produsere mat i landet. Jordbruksareala utgjer berre 3 prosent av det samla arealet i Noreg. Ei oversikt utgitt av Verdsbanken viser at berre 7 av 209 land har ein lågare del jordbruksareal enn Noreg.

Regjeringa har sett som nasjonalt jordvernmål at det ikkje skal omdisponerast meir enn 2000 dekar årleg. Vestland fylkeskommune har sett som regionalt jordvernmål at det maksimalt skal omdisponerast 274 dekar jordbruksareal årleg i Vestland.

Men i dei kommunale planane i Vestland er det sett av 21 650 dekar jordbruksareal til utbygging. Om vi fordeler arealet på 10 år, vert det ei planlagt nedbygging på over 2 000 dekar jordbruksareal årleg, eller heile det nasjonale jordvernmålet berre i Vestland.

Verdsdagen for jordsmonn vert markert den 5. desember kvart år. Nok og velfungerande matjord er sentralt for å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.