Unngå gjødselgass ved utkøyring av møk

Det er godt kjent at det er farleg å puste inn giftig gjødselgass, men likevel skjer det alvorlege ulukker. Gassen er vanskeleg å oppdage, og nokre få andedrag kan vere nok til at ein svimar av.
Den farlege gjødselgassen kan skade både bonden og buskapen, og i verste fall kan den vere dødeleg. I høg konsentrasjon er den luktfri og umogleg å oppdage. Risikoen er størst når ein skal røre i husdyrgjødsla og gassen siver opp frå gjødselkjellaren til fjøset. Det har også skjedd ulukker ved gjødselkummar utandørs, så det er viktig å ikkje stå på kanten under omrøring.
For å redusere risikoen bør ein røre i gjødsla på vindfulle dagar og i god avstand frå folk og fe. Ein bør også ta nok pausar og ha god lufting vekk frå fjøset. Dyra bør helst tas ut av fjøset.
Om ein skal prøve å redde dyr som har segna om av gassforgifting, må ein tenkje sikkerheit. Før nokon går inn må omrøringa stoppast, og ein må sikre god lufting og sjekke om det er trygt for gass. Det er tilrådd å ha kalibrert gassmålar tilgjengeleg.
Kontaktpersonar
-
Øyvind Vatshelle
Tlf: 55 57 21 78 -
Martin Søgnen
Tlf: 57 64 30 79