Framtida sine behov for velferdstenester som tema for Nasjonal Inn på tunet-konferanse

Mann og to barn jagar ut kyrne
Aktivitet i natur gjev helseeffekt. Foto: Arkivfoto Straumøy gard.

Inn på tunet bidreg til gode løysingar for å løyse samfunnet sine tenestebehov. Velkommen til nasjonal konferanse i Stavanger 11-12. februar 2025.

Publisert 28.11.2024

Det er aukande behov for mangfald i velferdstenester der folk bur. Det trengst fleire hender og ressursar som skapar og utviklar gode tilbod. Dette gjeld særleg i arbeid for barn og unge, psykisk helsearbeid, arbeidstrening og eldreomsorg.

Det er eit nasjonalt mål at Inn på tunet skal vere ein naturleg del av framtidige velferdstenester.

På konferansescenen møter vi Inn på tunet-tilbydarar, forskarar, tenestemottakarar, kjøparar av tenester, politikarar og forvalting.

Vel møtt til ny kunnskap, erfaringsdeling og inspirerande dagar!

Du finn program og påmeldingsinfo ved å følgje denne lenka

Hotellbestilling 11-12. februar finn du her  

NB: For å få tilbodspris på hotellet må du bestille innan 11. desember.

Målgrupper

Målgrupper for konferansen er kjøparar og brukarar av Inn på tunet-tenester, interesseorganisasjonar og pårørande, i tillegg til næringsutøvarar og Inn på tunet- tilbydarar.

Tema

Første dag: Barn og unge

Ein meir praktisk skule med gode og tilpassa læringsarenaer er med på å sikre inkludering og læring for alle elever. Konferansen viser korleis Inn på tunet kan bidra for å nå viktige lærings- og utviklingsmål.

Andre dag: Demensomsorg

Reforma Bu trygt heime og nasjonal demensplan peikar på behovet for eit variert tenestetilbod, helseverknadane av fysisk aktivitet og sosial tilhøyrsle og avlasting for pårørande. Inn på tunet-garden har mange kvalitetar for å dekke desse behova, og dette kan også medverke til å utsetje eit institusjonsopphald.

Etter lunsj andre dag er programmet særleg retta mot Inn på tunet-tilbydarar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.