Tilskot til tiltak grunna skrantesjuke
Det er no lyst ut midlar til beitelag som vert råka av restriksjonar knytt til skrantesjuke.
Publisert 20.06.2019
Landbruks- og matdepartementet innførte 14. juni 2019 strengare reglar for å hindre smitte av skrantesjuke (CWD) i Nordfjella. Beite- og sankelag i Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud med beitedyr på utmarksbeite i Nordfjella kan søke om midlar.
Fristen for å søke er 1.juli 2019.
Søknadane skal sendast til Fylkesmannen i Oslo og Viken. Sjå dokument på høgre side
Sjå informasjon frå Mattilsynet her