Skjøtsel av utmarksbeite – fagdag i Kvinnherad
Førre fredag var interesserte sauebønder i Kvinnherad samla i fjellet for å lære meir om verdi og skjøtsel av utmarks-/fjellbeite.
Yngve Rekdal, seniorforskar ved Nibio, heldt eit svært interessant og inspirerande føredrag om verdien av utmarksbeite på Vestlandet, og for Kvinnherad spesielt. Forsamlinga fekk god innføring i kva faktorar som utgjer kvaliteten på ulike beitetypar. Som vi veit er kvalitet i produksjon avhengig av kvalitet på fôret. Å nytte utmarksbeita våre er viktig og har stor verdi, fordi vi kan auke kjøtproduksjon frå dyr fôra på gras og lite/ingen kraftfôr, vi kan stoppe attgroing og vi kan auke biologisk mangfald.
![](/contentassets/ea9fd98ad5ae47619b7e6ec51e2c357c/fagdag-om-skjotsel-av-utmarksbeite---rekdal---nibio.png)
Etter Rekdal sitt digitale føredrag informerte Ove Stumo, frå Haugaland lyngbrannreserve, grundig og livleg om det praktiske arbeidet med brenning av beiteområde.
![](/contentassets/ea9fd98ad5ae47619b7e6ec51e2c357c/fagdag-om-skjotsel-av-utmarksbeite---ousdal-og-stumo.png)
Målet med fagdagen er å etablere ei gruppe som skal arbeide vidare med temaet og planlegge ein ny fagdag, gjerne med praksis, om brenning av fjellbeite. Dette er eit spennande prosjekt å følgje!