Lause hundar skadar vilt og husdyr

Politihund i grøn natur
Plakat laga av politiet Foto: Politiet.

Frå 1. april til 20. august er det ordinær bandtvang i heile landet, av omsyn til vilt, husdyr og andre turgåarar. Mange kommunar har eigne forskrifter med utvida bandtvang, og du som hundeeigar har ansvar for å vite kva datoar som gjeld der du går tur.

Publisert 03.07.2024

Vest Politidistrikt og Statsforvaltaren i Vestland har starta ein felles informasjonskampanje for turgåarar. Plakatar med teksten "Hugs bandtvang" og informasjon om brot på hundelova vert i desse dagar hengt opp rundt i fylket der turgåarar kan møta beitande dyr. Brot på hundelova kan straffast med bøter, erstatningsansvar, forbod mot hundehald og krav om avliving av hund, alt etter alvorsgrad og omfang.

Dei fleste hundeeigarar er flinke til å halde bandtvangen. Dei siste åra har likevel lause hundar i utmarka diverre vore eit aukande problem. Politiet og Statsforvaltaren er urolege over utviklinga, og politiet kan vise til svært alvorlege episodar etter møte mellom hundar og beitedyr. Dyr kan bli skilde frå kvarandre, og det får konsekvensar for dyrevelferden då dette påverkar overlevings- og tilvekstevna hjå avkommet og helsetilstanden til mordyret. Dyra kan og bli jaga på vatn eller utfor skrentar, eller dei vert bitt og drepne. Dei same problema og skadane kan påførast vilt som vert forstyrra i yngletida, alt frå godt kamuflerte fuglereir til større pattedyr. Det kan med andre ord vere snakk om store lidingar for dei involverte dyra, både husdyr og vilt, og dette må takast på alvor.

Politiet og Statsforvaltaren ønskjer at alle skal kunne nytte seg av naturen og utmarka med dei rettar og plikter det medfører. Målet med aksjonen er å:

  • Opplyse og bevisstgjere brukarane av utmarka om bandtvang i utmark i definert tidsrom. Bandtvangen gjeld uavhengig av om hundeeigar kan sjå beitedyr eller vilt i turområdet eller ikkje. Bandtvangen gjeld også gjetarhundar som ikkje utfører oppdrag.

  • Oppmode publikum om å venleg sei ifrå til hundeeigar som ikkje overheld bandtvangen.

  • Oppmode publikum til å melde ifrå til politiet på telefon 02800 dersom ein ser noko som gjer at ein fryktar det kan oppstå uønska hendingar. Brot på bandtvangen kan forårsaka store lidingar for både husdyr og vilt.

  • Informere om at det er brot på bandtvangen viss hunden går laust sjølv om den ikkje har forårsaka skade. Dette kjem av at hundelova slår fast at hundeeigar er plikta til å forebygge skade.

Politiet og Statsforvaltaren håpar at alle turgåarar støttar opp om aksjonen. Vi ønskjer alle, både to- og firbeinte, ein god tur og eit trygt opphald i utmarka!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.