Gå ein tur på stien i sommar
![Parker bilen der det er parkeringsplassar og ikkje gå over dyrka mark. Foto: Maria Skjold / SFVL. Eit jorde med gras og ein gard og eit fjell i bakgrunnen](/contentassets/32f9d949dffe464fa7b08edbe0edcd68/gras-i-hausdalen.-foto-maria-skjold.jpg)
Velkomen ut i naturen! Møt innmark og beitemark med respekt.
Publisert 03.07.2024
Mange finn vegen til natur og vakre naturlandskap i sommarhalvåret. Dette er bra både for kropp og sjel. Vi vil minne deg på nokre få reglar for ferdsel:
- Bruk etablerte stiar og gå gjennom grindene. Lat att grinda og lat gjerda stå like fine.
- Gå ikkje over dyrka mark når graset har begynt å vekse.
- Parker bilen der det er parkeringsplassar, slik at bonden kjem fram med traktor og andre gardsmaskiner.
- Unngå å parkere bilen på gras. Bilspor vil redusere avlinga.
- Nyt gjerne synet av dyr på beite, men hald avstand.
Nyt sommaren og naturen!