"Du skal itte trø i graset"
Velkomen ut i naturen, men møt innmark og beitemark med respekt. Skjæråsen sitt dikt er stadig like aktuelt.
Publisert 19.06.2020
Mange finn vegen til natur og vakre naturlandskap i sommarhalvåret. Dette er bra både for kropp og sjel. Vi vil minna deg på nokre få reglar for ferdsel:
- Bruk etablerte stiar og gå gjennom grindene. Lat att grinda og lat gjerda stå like fine.
- Gå ikkje over dyrka mark når graset har begynt å vekse
- Nyt gjerne synet av dyr på beite, men ikkje forstyrr dei
- Parker bilen der det er parkeringsplassar slik at bonden kjem fram med traktor og andre gardsmaskiner
Nyt sommaren og naturen!