Landbruk og mat

Oppdatert 26.11.2024

Den viktigaste samfunnsoppgåva til norsk landbruk er å sikre nok trygg og variert mat av god kvalitet. Men landbruket medverkar òg til desentralisert busetjing og næringsliv over heile landet, miljøgode som bevaring av biologisk mangfald, kulturlandskap og dei karbonlagra som skogen og jorda utgjer. Landbruket speler òg ei viktig rolle for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur.

Det er eit politisk mål å halde oppe eit levande landbruk i heile landet. Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Statsforvaltaren skal blant anna

  • gi råd og assistanse til kommunane
  • kontrollere kommunane
  • behandle klager på kommunale vedtak innanfor landbrukslovgivinga
  • arbeide saman med andre regionale etatar og organisasjonar for næringsutvikling innanfor jordbruk og skogbruk
  • arbeide for å nå nasjonale målsetjingar for omlegging til økologisk landbruk
  • arbeide for å avgrense nedbygging av dyrka og dyrkbar jord og skog

Statsforvaltaren rettleier også kommunar, organisasjonar, næringsaktørar og bønder om moglegheitene som finst i det offentlege systemet. Statsforvaltaren støttar opp under aktivitetar knytte til utvikling og bevaring av regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat og kunnskap om mat og helse, spesielt retta mot barn og unge.

Andre viktige offentlege aktørar innan landbruk er:

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

20.12.2024

God jul frå landbruksavdelinga

Jula er ei høgtid med mange tradisjonar. Desse er viktige for dei fleste av oss. Vi ønskjer alle ei god jul, med råd om eit friskt tre, berekraftig gåvepapir og velsmakande mat. 


19.12.2024

Restemat i jula

Det skal vere mykje god mat når vi feirar jul og nyttår. Samstundes er det fare for at vi kastar meir enn normalt.


11.12.2024

IGW 2025 - vestlandsambassadørar i Berlin

Den store landbruks- og reiselivsmessa IGW i Berlin vert arrangert i januar kvart år. Dei norske deltakarane er valde og klare. Dette vert glimrande reklame for Noreg.


05.12.2024

Kommunane sprenger jordvernmålet

Mange har merka seg at Noreg vert bygd ned bit for bit. Også kommunane i Vestland har planar om å byggje ned store område.


28.11.2024

Framtida sine behov for velferdstenester som tema for Nasjonal Inn på tunet-konferanse

Inn på tunet bidreg til gode løysingar for å løyse samfunnet sine tenestebehov. Velkommen til nasjonal konferanse i Stavanger 11-12. februar 2025.


27.11.2024

Opptak av webinar om klimatilpassing

Her kan du sjå optak frå webinaret "Kva kan eg gjere for å tilpasse drifta mi til det nye klimaet?". Innleiarar er Arne Bardalen, Synnøve Rivedal og Manuel Hempel.


Oppdatert 11.12.2024

Velkomen til naturmangfaldveka 2025

Tirsdag den 14. januar til fredag den 17. januar 2025 inviterer vi på ny til digital naturmangfaldveke her i Vestland. Vi kan by på fagleg påfyll av både grønne og blå tema. No har vi opna for påmelding!


31.10.2024

Webinar om landbrukseigedommar i dødsbu

Statsforvaltaren i Vestland inviterer tilsette i kommunane til webinar om arvelova § 99 a.


29.10.2024

Landbrukseigedomar i dødsbu

Dei nye reglane om landbrukseigedomar i dødsbu tok til å gjelde for snart tre år sidan. Arvelova si frist til å overføre landbrukseigedom til ny eigar er tre år etter den tidlegare eigaren døydde.


29.10.2024

Fjord Norge på Grüne Woche 2025

I januar 2025 reiser 22 lokalmat- og opplevingstilbydarar frå Fjord Norge til Berlin for å delta på IGW, verdas største mat- og reiselivsmesse.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel