Velkomen til naturmangfaldveka 2025
- Dato:
- 14. januar 2025 09:30 - 17. januar 2025 11:15
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunane i Vestland, både politikarar og administrasjon, samt andre interesserte
Tirsdag den 14. januar til fredag den 17. januar 2025 inviterer vi på ny til digital naturmangfaldveke her i Vestland. Vi kan by på fagleg påfyll av både grønne og blå tema. No har vi opna for påmelding!
Vi oppmodar deg til å halde av føremiddagane veke tre 2025 for grønt og blått fagleg påfyll. Dyktige innleiarar frå både nasjonalt og lokalt plan vil dele av si kunnskap og erfaring. Del gjerne denne artikkelen med dei du trur vil kunne ha glede av påfyll.
Tysdag, onsdag og torsdag er webinaret planlagt frå kl. 9.30 til 11.00, og fredag frå kl. 9.30 til 11.15. Vi oppmodar deltarar til å leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender.
Det kan kome endringar i programmet.
Tysdag 14. januar kl. 9:30-11:00: Naturmangfald i kommunal planlegging
Velkomen! |
Eline Orheim, fung. miljødirektør, Statsforvaltaren i Vestland |
Helsing til arrangementet og deltakarane på naturmangfaldveka 2025 |
TBA |
Ivaretaking av naturmangfald og kommunalt handlingsrom innanfor eksisterande lovverk |
Nikolai K. Winge, Holt & Winge |
Kommunedelplan for naturmangfald |
Lina Hamre og Kjersti N. Finne, Voss herad |
Planlegging i sjø og konsekvensutgreiing |
Egil Hauge, Statsforvaltaren i Vestland |
Spørsmål og kommentarar |
Nicolas Rodriguez (SFVL) siler spørsmål i Q&A |
Onsdag 15. januar kl. 09:30-11:30: Den ville, vakre og sårbare vestlandsnaturen
Velkomen! |
Eline Orheim, SFVL |
Om stortingsmeldinga |
TBA |
Vestlandsnaturen - kva har vi og korleis kan vi ta vare på den? |
Miljøavdelinga, Statsforvaltaren i Vestland |
Villreinen som arealkrevjande art |
Anders Mossing, Villreinsenteret |
Spørsmål og kommentarar |
Halvor Røssum (SFVL) siler spørsmål i Q&A |
Torsdag 16. januar kl. 09:30-11:00: Landbruk, naturbeitemark og skog
Velkomen! |
Eline Orheim, SFVL |
Ny gjødselbrukforskrift |
Øyvind Vatshelle, SFVL |
Naturbeitemarkene i Vestland: Mystikk og miljøverdiar på areal som ofte blir oversett. |
John Bjarne Jordal, Miljøfaglig utredning |
Den sårbare vestnorske regnskogen: ny kunnskap krev betre omsyn i skogbruket og arealforvaltinga |
Magnus Johan Steinsvåg og Gro Kampp Hansen, SFVL |
Spørsmål og kommentarar |
Solveig Kalvø Roald (SFVL) siler spørsmål i Q&A |
Fredag 17. januar kl. 09:30-11:15: Karbonlagring: til lands og til vanns, og i kommunane med!
Velkomen! |
Eline Orheim, SFVL |
Karbonlagring i terrestriske økosystem |
Anders Lyngstad, NINA |
Karbonlagring i marine naturtyper og områder |
Gunhild Borgersen, NIVA |
Karbonrekneskap i arealdisponering |
Ingvild Byskov og Bjørnar Sæthershagen, Miljødirektoratet |
Korleis få kunnskap om karbonrike område, og korleis bruke kunnskapen i den kommunale kvardagen? |
Tone Ankarstrand, Stavanger kommune |
Spørsmål og kommentarar
Avrunding av naturmangfaldveka |
Maria Knagenhjelm (SFVL) siler spørsmål i Q&A Seksjonssjef Eline Orheim, Statsforvaltaren i Vestland |
Spørsmål?
Dersom du allereie no har spørsmål knytt til dei oppsette temaa, kan du sende inn spørsmåla dine på førehand. Vi har avsett tid til spørsmål kvar dag, og vil bruke Q&A-funksjonen til arrangementet.
Praktisk informasjon
Veka før vil dei påmeldte få tilsendt ei lenkje per e-post for å følgje det digitale arrangementet. Er du påmeldt, og ikkje har fått lenkje, sjekk først søppelposten. Lenkja vil òg bli lagt ut på denne nettsida i forkant av naturmangfaldveka, og då kan etterslengjarar koble seg på utan påmelding. Vi set likevel pris på at flest mogeleg melder seg på slik at vi kan sende ut evalueringsskjema i ettertid.
Vi oppmodar deltararane til å sjølv leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender.
Om samtykke til opptak
Vi gjer merksam på at webinaret vert tatt opp. Opptaket vil vere tilgjengeleg på våre nettsider inntil to veker etter opptaksdato. Dersom du ikkje tillet opptak, kan du diverre ikkje følgje det direktesendte webinaret.
Samtykke til lagring av e-postadresse til bruk ved tilsvarande arrangement
Vi ønskjer å bruke påmeldte deltakarar sin e-postadresse for å invitere til liknande arrangement. Du kan merke av for ja eller nei til dette.
- Dato:
- 14. januar 2025 09:30 - 17. januar 2025 11:15
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunane i Vestland, både politikarar og administrasjon, samt andre interesserte