Få inspirasjon på nettverkssamling om aldersvenlege lokalsamfunn
- Dato:
- 11. november 2024 09:00 - 10:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Nettverk for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar og andre med engasjement for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 7. november 2024 23:59
Det er ei kjent sak at det er den som har skoen på, som veit kor den trykker. Dette gjeld også utvikling av lokalsamfunn. Bli med, og få inspirasjon til vidare arbeid og engasjement.
På webinaret kan du løfta idear og fortelja om ting som skjer i ditt lokalsamfunn eller kommune. Du kan også spela inn tema på førehand, små eller store. Det blir plass til fleire tema.
Til denne samlinga har det alt kome inn eit tema frå Voss herad: Ei dør inn.
Å jobba på tvers er ein viktig del av løysinga for å møta innbyggarane sine behov. Prosjektet Ei dør inn i Voss herad er ei satsing for å koma ut av i jungelen av kontor, system og «det er ikkje mitt bord». Satsinga kom til ut frå medverknadsarbeid i Leve heile livet-perioden.
Me gler oss til å høyra.
Dele tips og råd
Dette er den siste av tre samlingar i år. På webinaret kan du få råd for utfordringar i kommune din, og du kan reflektere over aktuelle løysingar. Du kan dele og gje råd i ting din kommune har fått til, og få inspirasjon og innputt.
Nettverks-webinara er opne for kommunar og andre med engasjement for lokalsamfunnsutvikling i Vestland. Du kan ta med kaffikoppen, senke skuldrene, og snakke rundt det som opptek deg i jobben og kvardagen din.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 11. november 2024 09:00 - 10:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Nettverk for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar og andre med engasjement for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 7. november 2024 23:59