Fagdagar om sosiale tenester i Nav

Dato:
2. oktober 2024 11:30 - 3. oktober 2024 15:45
Stad:
Grand Hotel Terminus, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med sosiale tenester
Påmeldingsfrist:
23. september 2024 12:00

Du vil mellom anna få høyre om barnets beste-vurderingar, årets landsomfattande tilsyn, forvaltningsrett og sosialfagleg metode.

Publisert 18.03.2024, Oppdatert 05.07.2024

Samlinga er for alle i Nav som jobbar med dei sosiale tenestene. For å få fullt utbytte av samlinga anbefaler vi at du tek Barneombodets e-læringskurs om barns rettigheiter. Desse kursa finn du på nettsida til Barneombodet. Kurset om barnets beste på individnivå er særleg relevant.

Du finn programmet for samlinga under «Dokument».

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis, og vi dekker overnatting for mange av deltakarane:

  • Statsforvaltaren bestiller og dekker overnatting frå 1. til 2. oktober for deltakarar som har lang reiseveg; tre timar eller meir.
  • Statsforvaltaren bestiller og dekker overnatting frå 2. til 3. oktober for dei som har lang reiseveg, sjølv om den er under tre timar, men ikkje for deltakarar frå Alver, Bjørnafjorden, Øygarden, Bergen og Askøy. Deltakarar frå desse kommunane bur såpass nær at vi tenker dei ikkje treng overnatting for å få utbytte av samlinga.

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Samlinga og overnatting går føre seg på Grand Hotel Terminus i Bergen sentrum. Du melder deg på ved å fylle ut påmeldingsskjema. Påmeldinga er bindande.

Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, ber vi om at du gir beskjed til Cecilie Jantzen innan fristen. E-postadressa finn du under «Kontaktpersonar». 

Vi har eit avgrensa tal plassar. Dersom det blir mange påmelde frå same Nav-kontor, må vi difor kanskje be kontoret om å prioritere kven som får delta på samlinga.

Ved å melde deg på, samtykker du til at namn og kontaktinformasjon blir delt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Om du har lang/særskilt lang reiseveg, kan du melde deg på med overnatting frå 2. oktober til 3. oktober. 

Om du ikkje har lang/særskilt lang reiseveg, kan du ikkje få overnatting og vel "Nei" i feltet under.

Treng du overnatting 2. oktober til 3. oktober?

Om du har tre timar eller meir i reiseveg, kan du melde deg på med overnatting frå 1. oktober til 2. oktober.

Om du har mindre enn tre timar reiseveg, vel du "Nei" i feltet under.

Treng du overnatting frå dagen før samlinga?
Dato:
2. oktober 2024 11:30 - 3. oktober 2024 15:45
Stad:
Grand Hotel Terminus, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med sosiale tenester
Påmeldingsfrist:
23. september 2024 12:00