Webinar om realkompetansevurdering

Dato:
24. september 2024 12:00 - 14:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Lærarar og leiarar i forberedande opplæring for vaksne. Lærarar og leiarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Tenesteleiarar utdanning.
Påmeldingsfrist:
20. september 2024 23:00

I samband med ny opplæringslov hausten 2024 og innføringa av modulbaserte læreplanar i forberedande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne, arrangerer Statsforvaltaren webinar om realkompetansevurdering.

Publisert 13.08.2024

Formålet med å modulstrukturere læreplanane i vidaregåande opplæring for vaksne og forberedande opplæring for vaksne, er å effektivisere utdanningsløpet til deltakarane og bidra til at ingen blir nøydt til å gjennomføre meir opplæring enn det som er naudsynt for å oppnå ønska sluttkompetanse. Realkompetansevurdering blir avgjerande for å kartleggje og innplassera deltakarane på rett nivå, og for å setje saman opplæringsløpet til den enkelte.

I dette nettseminaret tek vi sikte på å gi dykk ei innføring i regelverket, og korleis realkompetansevurdering og modulstrukturerte læreplanar heng saman. Vidare skal vi ta føre oss sentrale omgrep og prinsipp i høve realkompetansevurdering, og ta del i erfaringar gjort gjennom forsøka med modulstrukturerte læreplanar.

Bidragsytarar

  • Statsforvaltaren i Rogaland
  • Direktoratet for Høgare utdanning og kompetanse
  • Anette Lund Follestad – Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studie ved OsloMET
  • Agder fylkeskommune/Karriere Agder
  • Bryne kompetansesenter – Jan Ove Tobiassen

Videoane frå webinara er tilgjengelege på nettstaden vår til og med 22. oktober.

Del 1:

Del 2:

Dato:
24. september 2024 12:00 - 14:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Lærarar og leiarar i forberedande opplæring for vaksne. Lærarar og leiarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Tenesteleiarar utdanning.
Påmeldingsfrist:
20. september 2024 23:00