Samling for kommuneoverlegar i Vestland
- Dato:
- 26. september 2024 12:00 - 27. september 2024 15:45
- Stad:
- Kviknes Hotel, Balestrand
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
- Påmeldingsfrist:
- 19. august 2024 23:59
Statsforvaltaren inviterer kommuneoverlegar, andre legar i samfunnsmedisinsk arbeid og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper til samling i Balestrand 26. og 27. september.
Vi meiner dette er ein viktig møtestad for samfunnsmedisinarane i fylket.
På samlinga vil vi innom følgjande tema:
- Ny helse- og samhandlingsplan
- Miljøretta helsevern
- Rettleiar for kommuneoverlegefunksjonen
- ALIS og samfunnsmedisinsk spesialisering
- Prosjekt for å fjerne barrierar mellom kommune- og spesialisthelsetenesta når det gjeld barn og unge
- Tilsynssaker på tvers av nivå og sektorar
- Frisklivsarbeidet
- Psykisk helse og rus
Samlinga er godkjent av legeforeninga
Allmennmedisin: samlinga er godkjent med 11 valfrie poeng for leger i spesialisering og spesialistane si etterutdanning (forlenging av retten til tilleggstakst).
Samfunnsmedisin: samlinga er godkjent med 11 timer som valfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistane si etterutdanning.
Praktisk informasjon
Samlinga er gratis, og vi dekker dagpakke og felles middag. Vi bestiller og dekker også hotellovernatting for dei med lenger reiseveg (meir enn 1 time).
Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekke utgiftene til dagpakke og eventuelt hotellrom.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 26. september 2024 12:00 - 27. september 2024 15:45
- Stad:
- Kviknes Hotel, Balestrand
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
- Påmeldingsfrist:
- 19. august 2024 23:59