Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet i Bergen

Dato:
12. september 2024 09:00 - 15:30
Stad:
DNB auditorium, Solheimsgaten 7C, 5058 Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
4. september 2024 12:00

Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet.

Publisert 07.08.2024, Oppdatert 02.09.2024

Tema på samlinga er inngangsvilkåra i kvalifiseringsprogrammet og tverrfagleg samarbeid. Det blir innlegg ved Statsforvaltaren og ved psykologspesialist og PHD kandidat Trude Senneseth.

Trude Senneseth har mellom anna forska på samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, kommunen og Nav. Vi legg også opp til gruppearbeid og erfaringsdeling på samlinga.

Praktisk informasjon og påmelding

Det er gratis å delta. Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir ein veg, kan få dekka overnatting frå 11. til 12 september. Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Påmeldinga er bindande. Dersom du har meldt deg på, men likevel ikkje kan delta, ber vi deg melde frå så snart du kan. Ta kontakt med Cecilie Jantzen, kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar».

Ved å melde deg på, samtykker du til at vi kan dele informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
12. september 2024 09:00 - 15:30
Stad:
DNB auditorium, Solheimsgaten 7C, 5058 Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
4. september 2024 12:00