Nasjonal konferanse om fagfornyinga

Dato:
18. april 2024 09:00 - 16:30
Stad:
Clarion Hotel Oslo Airport, Hans Gaardersveg 15, 2060 Gardermoen
Arrangør:
Utdanningsdirektoratet
Målgruppe:
Lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar i grunnskulen og vidaregåande skule.

Torsdag 18. april 2024 inviterer Utdanningsdirektoratet til konferanse om fagfornyinga på Gardermoen. Samlinga er retta mot lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar i grunnskulen og vidaregåande skule, og er open for deltakarar frå heile landet.

Publisert 13.03.2024

Samlinga har som mål å inspirera til vidare arbeid med læreplanverket, der tverrfaglege tema, profesjonelle læringsfellesskap, verdiløftet og vurdering er blant dei sentrale tema. Deltakarane vil få faglege innspel, delta i diskusjonar og få høyre bidrag frå praksisfeltet. Samlinga er startskotet for fleire arrangement knytt til fagfornyinga og nye støtteressursar som blir tilgjengeleggjort på udir.no gjennom året.

Utdanningsdirektoratet oppmodar skuleeigarar og skuleleiarar til å sørgje for at lærarar er representert. Samlinga er gratis å delta på – og inkluderer lunsj og enkel servering – men deltakarane må sjølv betale eventuelle kostnader knytt til overnatting og reise. 

For program og påmeldingsinformasjon følg lenke på høgre side.

Dato:
18. april 2024 09:00 - 16:30
Stad:
Clarion Hotel Oslo Airport, Hans Gaardersveg 15, 2060 Gardermoen
Arrangør:
Utdanningsdirektoratet
Målgruppe:
Lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar i grunnskulen og vidaregåande skule.