Oppfølgingssamling for førebyggande planar på barn og unge-feltet
- Dato:
- 22. februar 2024 09:00 - 15:00
- Stad:
- Teams – lenkje blir sendt påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren saman med RVTS, KORUS, og RKBU
- Målgruppe:
- Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei ulike førebyggande planane, nøkkelpersonar, planavdeling, kommunalsjefar og tenesteleiarar med ansvar for tenester til barn, unge og foreldre. Elles alle interessentar som politikarar, brukarrepresentantar, fagleiarar, opplæringsansvarlege og personar med ansvar for å koordinere tenester til barn, unge og foreldre i kommunen
- Påmeldingsfrist:
- 19. februar 2024 23:59
Tema på samlinga vert førebyggande tiltak og korleis vi kan realisere innhaldet i planane, og er ei oppfølging av planprosessen vi har hatt våren 2023. Programmet er klart, og påmeldingsfrist er 19. februar.
Vi vil også rette merksemda mot kva som er viktig å tenkje på om ein skal lukkast med utvikling og implementering av nye tiltak, samhandlingsstrukturar og kompetansebygging.
Vi gjennomførte ei kartlegging av status på arbeidet med den førebyggande planen heimla i barnevernslova § 15-1, i oktober og november. Mange meldte tilbake at dei ønskte ei ny samling, med tema som førebyggande tiltak, korleis realisere innhaldet i planane og meir støtte til implementeringsarbeidet.
Digital samling med erfaringsdeling
Samlinga blir gjennomført digitalt. Dette gjer vi for at kommunane kan involvere fleire av dei som planen får følgjer for. Dette kan vere ei fin moglegheit til å gjere fleire av interessentane merksame på planarbeidet. Til dømes politikarar, brukarrepresentantar, tenesteleiarar, fagleiarar, opplæringsansvarlege og koordinatorar for tverrfaglege tenester og tiltak.
Vi vil også denne gangen invitere kommunar til å dele erfaringar med å utforme planane og realisere innhaldet i dei. Om du eller din kommune ønskjer å bidra med noko av dette på samlinga, ta kontakt med oss.
Samla råd til kommunane
Implementering av nye tiltak, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som held oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren og kompetansemiljøa ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving i planprosessane er eit slikt grep.
Praktisk informasjon
Samling blir gjennomført på Teams, og lenkje vert sendt ut seinast to dagar før samlinga. Det er gratis for kommunane å delta på samlinga. Programmet finn du her eller under dokument.
Ved at du melder deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at informasjonen din blir delt med medarrangørar, at namn og e-postadresse kan bli synleg i ein Outlook-invitasjon og i det digitale møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 22. februar 2024 09:00 - 15:00
- Stad:
- Teams – lenkje blir sendt påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren saman med RVTS, KORUS, og RKBU
- Målgruppe:
- Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei ulike førebyggande planane, nøkkelpersonar, planavdeling, kommunalsjefar og tenesteleiarar med ansvar for tenester til barn, unge og foreldre. Elles alle interessentar som politikarar, brukarrepresentantar, fagleiarar, opplæringsansvarlege og personar med ansvar for å koordinere tenester til barn, unge og foreldre i kommunen
- Påmeldingsfrist:
- 19. februar 2024 23:59