Digital samling om rapporten «En barndom for livet»
- Dato:
- 16. februar 2024 11:00 - 12:30
- Stad:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Alle i Vestland som møter barn, unge og foreldre i sin arbeidskvardag. Dette gjeld tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, kommunepsykologar, fastlegar, familietenesta, Nav, rehabilitiering, heimeteneste, BUP, flyktningtenesta og andre tenester med tiltak retta mot utsette barn.
- Påmeldingsfrist:
- 14. februar 2024 23:59
Rapporten «En barndom for livet - økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familier» gjev innblikk i fattigdom i Noreg, og gjev råd om førebuande tiltak og hjelp, retta mot barn og familie.
Føremålet med rapporten har vore å utgreie målretta tiltak for å styrke oppvekstvilkåra for barn i fattige familiar, og førebyggje at fattigdom går i arv.
Mari Rege, professor og leiar av ekspertgruppa om barn i fattige familiar, presenterer arbeidet med rapporten. Vi vil få høyre om fattigdom i Noreg, korleis barn har det og kvifor fattigdom går i arv, og vi får høyre ekspertgruppa sine råd.
Etter presentasjonen legg vi opp til samtale rundt temaet.
Rapporten kan du lese på regjeringa si heimeside: En barndom for livet - regjeringen.no
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at e-postadressa di blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 16. februar 2024 11:00 - 12:30
- Stad:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Alle i Vestland som møter barn, unge og foreldre i sin arbeidskvardag. Dette gjeld tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, kommunepsykologar, fastlegar, familietenesta, Nav, rehabilitiering, heimeteneste, BUP, flyktningtenesta og andre tenester med tiltak retta mot utsette barn.
- Påmeldingsfrist:
- 14. februar 2024 23:59
Kontaktpersonar
-
Linda Kråkenes
Tlf: 55 57 21 75 -
Cecilie Jantzen
Tlf: 55 57 22 39