Digitalt møte om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet

Dato:
18. januar 2024 09:00 - 11:45
Stad:
Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommunar og Nav-kontor i Vestland, Vestland fylkeskommune
Påmeldingsfrist:
16. januar 2024 23:59

På møtet får du informasjon om ulike tilskot vi forvaltar på helse-, sosial- og barnevernsfeltet. Vi inviterer også med Husbanken for å gje informasjon. 

Publisert 23.10.2023, Oppdatert 12.01.2024

I webinaret går vi gjennom formål, søknadsfristar, rapportering og kor du finn utfyllande informasjon om søknad og regelverk for dei ulike tilskota. 

Vi legg opp til informasjon om tilskota som er lista opp under. Sjå program under «Dokument». Vi vil forsøke å halde oss til tidsskjemaet i programmet.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
18. januar 2024 09:00 - 11:45
Stad:
Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommunar og Nav-kontor i Vestland, Vestland fylkeskommune
Påmeldingsfrist:
16. januar 2024 23:59