Digitalt informasjonsmøte for media

Dato:
13. desember 2023 09:00 - 10:00
Stad:
Teams - påmelde deltakarar får tilsendt oppkoplingslenkje seinast dagen før
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Journalistar og andre som jobbar i aviser og andre medium
Påmeldingsfrist:
10. desember 2023 23:59

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga inviterer journalistar og andre som jobbar i media til møte om innsyn, mediekontakt og god forvaltningsskikk på Teams onsdag 13. desember.

Publisert 16.11.2023

På møtet vil vi gje informasjon om

  • organisering, mediekontakt og informasjon, ved Solveig Mork Holmøyvik, kommunikasjonsrådgjevar, organisasjon og strategi
  • innsyn og vurdering av innsynskrav, ved Bjarte Helland Fosse, rådgjevar organisasjon og strategi
  • samfunnsoppdraget vårt og god forvaltningsskikk, ved Sjur Lehmann, fylkeslege og avdelingsdirektør

Dette er eit generelt informasjonsmøte, og vi kjem ikkje til å ta opp enkeltsaker. For å delta på møtet, så må du melde deg på via skjemaet nedst på denne sida.

Vi inviterer også til eit fysisk møte, med same innhald, i Statsforvaltaren sine nye lokaler i Solheimsviken, måndag 11. desember. Du finn informasjon om det fysiske informasjonsmøte via denne lenkja.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at kontaktinformasjonen din blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».

Dato:
13. desember 2023 09:00 - 10:00
Stad:
Teams - påmelde deltakarar får tilsendt oppkoplingslenkje seinast dagen før
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Journalistar og andre som jobbar i aviser og andre medium
Påmeldingsfrist:
10. desember 2023 23:59