Fagdagar om sosiale tenester i Nav

Dato:
4. oktober 2023 11:30 - 5. oktober 2023 15:30
Stad:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-leiarar og andre som godkjenner vedtak etter sosialtenestelova
Påmeldingsfrist:
19. september 2023 23:59

Vi inviterer til fagdagar om «Det gode vedtaket og godkjennarrolla». Målgruppa er Nav-leiarar og andre som godkjenner vedtak etter sosialtenestelova.

Publisert 10.05.2023, Oppdatert 02.10.2023

I år blir ikkje fagdagane for Nav-kontora opne for alle som jobbar i Nav, slik dei pleier å vere. Vi håpar likevel at innhaldet vil kome mange til gode ved at deltakarane tar med seg nyttig lærdom og inspirasjon tilbake til kontora. Vi vil mellom anna sjå på korleis den som godkjenner vedtak kan bruke rolla si til å styrke rettstryggleiken for dei som søker hjelp og til å bidra til fagutvikling ved kontoret.

Du finn programmet for samlinga under "Dokument".

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis, og vi dekker overnatting for mange av deltakarane:

  • Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 3. til 4. oktober for deltakarar som har lang reiseveg; tre timar eller meir.
  • Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 4.-5. oktober for dei som har lang reiseveg, sjølv om den er under tre timar, men ikkje for deltakarar frå Alver, Bjørnafjorden, Øygarden, Bergen og Askøy. Deltakarar frå desse kommunane bur såpass nær at vi tenker at dei ikkje treng overnatting for å få utbytte av samlinga.

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Samlinga og overnatting går føre seg på Scandic Bergen City i Bergen sentrum. Du melder deg på ved å fylle ut påmeldingsskjema. Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Cecilie Jantzen innan fristen. E-postadressa finn du under "Kontaktpersonar". 

Ved å melde deg på, samtykker du til at namn og kontaktinformasjon blir delt med hotellet. Les meir om personvern under "Lenkjer".

Vi har eit avgrensa tal plassar. Dersom det blir mange påmelde frå same Nav-kontor, må vi difor kanskje be kontoret om å redusere tal påmelde. Vi tar kontakt med dei dette gjeld dersom det blir aktuelt.

Dato:
4. oktober 2023 11:30 - 5. oktober 2023 15:30
Stad:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-leiarar og andre som godkjenner vedtak etter sosialtenestelova
Påmeldingsfrist:
19. september 2023 23:59