Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (3 av 4 i serie)
- Dato:
- 17. januar 2023 13:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
- Påmeldingsfrist:
- 16. januar 2023 23:59
Tema for det tredje webinaret i serie om rus, psykisk helse, bustad og tenester er "Korleis organisere og drive buoppfølgjing for personar med utfordringar innan rus og/eller psykisk helse?"
Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.
Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Webinarserien består av fire webinar, og er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er høve til å delta på enkeltwebinar.
Kommunane får høve til å melda inn ønskje om tema vi bør komma nærare inn på gjennom webinara. Det er også høve til å ta kontakt med statsforvaltaren dersom kommunen ønskjer kontakt for samarbeid om utfordringar i eigen kommune.
Programmet 17. januar 2023 vil m.a. innehalde:
- Kva kan den nye bustadsosiale lova bety for kommunane?
Lars-Marius Ulfrstad, seksjonsleiar Statsforvaltaren i Vestland - Korleis organisere og drive buoppfølging for personar med utfordringar innan rus og/eller psykisk helse?
Gjermund Veka, leiar av bustadkontoret i Kinn kommune - Eit forskarblikk på bustad og buoppfølging
Hildegunn Sagvaag, dr. PH, Universitetet i Stavanger
Påmelding skjer i skjema under, frist 16. januar 2023.
- Dato:
- 17. januar 2023 13:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
- Påmeldingsfrist:
- 16. januar 2023 23:59