Vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving 6.-7. desember

Dato:
6. desember 2022 09:00 - 7. desember 2022 15:00
Stad:
Digitalt - Nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Trøndelag og Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
1. desember 2022 23:59

Statsforvaltarane inviterer til digitalt vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving. Kurset rettar seg mot tilsette i Nav som treng kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving på eit høgare nivå. Du kan melde deg på kurset no.

Publisert 22.04.2022, Oppdatert 12.10.2022

Viss tidspunktet for dette kurset ikkje passar, arrangerer vi tilsvarande vidaregåande kurs 19.-20. oktober 2022.    

 

Dette er kurset for deg som:

  • skal kunne gi individuell økonomisk rettleiing på eit høgare nivå uavhengig av om du er statleg eller kommunalt tilsett

 

Kvifor tilbyr vi dette kurset?
Alle som treng det, har rett på økonomisk rådgjeving etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret. Nav-kontora må difor ha tilsette med både grunnleggjande kunnskap og djupnekunnskap om tenesta.

 

Etter kurs skal du sitje att med:

  • kunnskap om roller og ferdigheiter i møte med menneske som har økonomiske problem
  • kunnskap om korleis du kan hjelpe menneske med stor og uoversiktleg gjeldssituasjon
  • kunnskap om ulike eigarformer
  • kunnskap om ulike måtar kreditorar sikrar krava sine på

 

Forkunnskap
Vi legg til grunn at du allereie har kunnskap tilsvarande nivået på grunnkurset i økonomisk rådgjeving.

 

Praktisk informasjon
Føredragshaldarar på kurset er Malin Roseanne Espejo fra Statsforvaltaren i Vestland og Joo Luraas fra Statsforvalteren i Oslo og Viken.

Kurset er digitalt og går via Microsoft Teams. Vi sender lenkje til e-postadressa til dei som har meldt seg på 5. desember.

Vi kjem til å publisere program og klokkeslett for dei to kursdagane seinast veka før kurset.

Har du praktiske spørsmål kring påmeldinga, ta kontakt med Malin Roseanne Espejo. Er du usikker på om du er i målgruppa eller har spørsmål til kurset, kan du ta kontakt med Malin Roseanne Espejo eller Joo Luraas. Kontaktinformasjon i høgremenyen.

 

Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Statsforvaltaren tilbyr tre typar kurs: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.

I år tilbyr vi desse kursa som blir gjennomført digitalt:

Dato:
6. desember 2022 09:00 - 7. desember 2022 15:00
Stad:
Digitalt - Nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Trøndelag og Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
1. desember 2022 23:59