Fagsamling om bruk av tvang mot personar med utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Dato:
- 15. november 2022 09:30 - 15:00
- Stad:
- Grand Bergen, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 28. oktober 2022 23:59
Statsforvaltaren i Vestland inviterer overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane til fagsamling. Påmeldingsfrist til samlinga er 28. oktober. Programmet er no klart.
Tema for dagen er mellom anna rolla som overordna fagleg ansvarleg, saksbehandling etter reglane i kapittel 9 og Statsforvaltaren sine erfaringar frå tilsyn og saksbehandling.
Vi minner om at samlinga berre er for den personen i kommunen med overordna fagleg ansvar for kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova, eventuelt denne personen sin representant. For Bergen kommune er samlinga for etatsdirektør og einingsleiarar med overordna fagleg ansvar for kapittel 9.
Det vert i tillegg sett av tid til erfaringsutveksling, spørsmål og drøftingar. Vi inviterer kommunane til å sende inn tema eller problemstillingar de ønskjer å ta opp. Har du problemstillingar du ønskjer å ta opp på samlinga, send dei på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», innan 28. oktober.
Programmet for samlinga finn du under «Dokument».
Praktisk informasjon og påmelding
For å vere med på samlinga, må du melde deg på nedst på denne sida. Det blir servert lunsj, kaffi og frukt på møtet. For deltakarar med lang reiseveg, dekker vi overnatting frå 14. til 15. november. Fagsamlinga blir halden på Grand Bergen, og overnatting blir på Zander K Hotel.
Det blir ikkje mogeleg med digital deltaking på denne samlinga.
Samlinga er gratis, men påmeldinga er bindande. Deltakarar som ikkje møter utan å gi beskjed, vert fakturert for dagpakke. Dei som bestiller overnatting og ikkje møter, blir i tillegg fakturert for overnattingskostnadene.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 15. november 2022 09:30 - 15:00
- Stad:
- Grand Bergen, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 28. oktober 2022 23:59