Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (2 av 4 i serie)
- Dato:
- 14. september 2022 09:00 - 11:00
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
- Påmeldingsfrist:
- 13. september 2022 23:59
Webinaret er det andre i ei rekke på fire webinar for kommunane i Vestland fylke, om bustad og tenester til personar med rus- og/eller psykiske helseutfordringar.
Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.
Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse.
Webinarserien består av fire webinar i perioden juni til desember 2022, og er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er ønskjeleg at kommunane deltek på alle fire webinar, men det er likevel høve til å delta på enkeltwebinar.
Kommunane får høve til å melda inn ønskje om tema vi bør komma nærare inn på gjennom webinara. Det er også høve til å ta kontakt med statsforvaltaren dersom kommunen ønskjer kontakt for samarbeid om utfordringar i eigen kommune.
Påmeldingsskjema til webinaret er nedst på denne sida, påmeldingsfrist 13. september.
Program 14. september kl 9-11
Tema: Brukarmedverknad som ressurs
- Innleiing v/Lars-Marius Ulfrstad, seksjonsleiar, Statsforvaltaren i Vestland.
- Tankar rundt refleksjonsspørsmålet frå forrige gong:
«Kva einingar i kommunen samarbeidar i dag om bustad og tenester til rusavhengige? Er det andre einingar som skulle vore involverte, evt på kva måte?» v/tre kommunar - Korleis hente ut ressursar i møte med menneske? v/RIO - en landsdekkende brukerorganisasjon på rusfeltet
- Housing First, ein brukerstyrt bustad- og oppfølgjingsmetode v/Kinn kommune
- Oppfølging på brukarane sine premisser v/Inger-Lise Skog Hansen, seniorforskar ved FAFO (Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning)
- Vegen vidare v/statsforvaltaren og NAPHA
Kontaktpersonar:
Jorunn Fotland, Statsforvaltaren i Vestland, e-post: jofot@statsforvalteren.no, tlf 994 80 414
Astrid Tveit, Statsforvaltaren i Vestland, e-post: fmsfatv@statsforlvalteren.no tlf. 57643173
Anne B. Fjelnseth, NAPHA, e-post: anne.fjelnseth@samforsk.no, Tlf 906 47 313
- Dato:
- 14. september 2022 09:00 - 11:00
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
- Påmeldingsfrist:
- 13. september 2022 23:59