Informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung
- Dato:
- 3. februar 2022 09:00 - 11:00
- Stad:
- Webinar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Konsulentbransje og verksemder med oppdrag under sjøoverflata
Statsforvaltaren inviterer til informasjonsmøte om havnespy/japansk sjøpung torsdag 3. februar. Møtet blir digitalt.
Rogaland og Vestland har fått ein ny marin framand art som potensielt kan skape problem for norsk marin flora og fauna. Arten Didemnum vexillum er eit kolonidannande sekkdyr som kjem frå Japan og har fått tilnamnet havnespy.
Havnespy vart først oppdaga i Noreg i Engøysundet i Stavanger i slutten av 2020, og seinare i Haugesund/Karmøy-området. No er den oppdaga fleire stader i området rundt Hanøytangen på Askøy utanfor Bergen. Det er grunn til å tru at den òg kan finnast fleire stader langs kysten enn der den har blitt funnen så langt.
Havnespy kan formeire seg raskt, og spreier seg via skips- og båttrafikk, teiner, tauverk og anna utstyr som står i sjøen.
Invitasjon til informasjonsmøte
Vi ser på situasjonen med stort alvor, og ønskjer både å informere og ha ein dialog med konsulentar og verksemder med oppdrag under sjøoverflata. Vi inviterer difor til eit felles informasjonsmøte på teams torsdag 3. februar 9.00 - 11.00.
Kort om programmet
Havforskningsinstituttet vil informere om kva havnespy er, kvar den er funnen tidlegare, kvifor den er ein trugsel, korleis arten spreier seg og kva kan gjerast for å hindre spreiing.
Statsforvaltaren vil snakke om forvaltninga si rolle i denne type saker og kva ansvar ein har om ein oppdagar havnespy.
Påmeldingsfrist: 31. januar.
Webinaret er gratis.
Du får tilsendt lenkje til møtet i forkant av webinaret. Vi gjer merksam på at møtet vert tatt opp. Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg for deltakarane i etterkant av møtet.
- Dato:
- 3. februar 2022 09:00 - 11:00
- Stad:
- Webinar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Konsulentbransje og verksemder med oppdrag under sjøoverflata