Fagsamling om bruk av tvang mot personar med utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Dato:
24. november 2021 09:30 - 15:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
1. november 2021 23:59

Statsforvaltaren i Vestland inviterer overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane til fagsamling. Programmet er no klart. 

Publisert 08.10.2021

Tema for dagen er mellom anna rolla som overordna fagleg ansvarleg, saksbehandling etter reglane i kapittel 9 og Statsforvaltarens erfaringar frå tilsyn og saksbehandling.

Vi minner om at samlinga berre er for dei med overordna fagleg ansvar for kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova. For Bergen kommune er samlinga for etatsdirektør og einingsleiarar med overordna fagleg ansvar for kapittel 9.

Det vert i tillegg sett av tid til erfaringsutveksling, spørsmål og drøftingar. Vi inviterer kommunane til å sende inn tema eller problemstillingar de ønskjer å ta opp. Har du problemstillingar du ønskjer å ta opp på samlinga, send dei på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», innan 1. november.

Det blir servert lunsj, kaffi og frukt på møtet. For deltakarar med lang reiseveg, dekker vi overnatting frå 23. til 24. november. Samlinga er gratis, men påmeldinga er bindande. Deltakarar som ikkje møter utan å gi beskjed, vert fakturert med 622 kroner. Dei som bestiller overnatting og ikkje møter, blir i tillegg fakturert for overnattingskostnadene.

Dato:
24. november 2021 09:30 - 15:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
1. november 2021 23:59

Kontaktpersonar

Dokument