Samling om standpunktvurdering i grunnskulen og klage på standpunktkarakterar

Dato:
21. april 2021 10:00 - 11:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Rektorar og representant for skuleeigar
Påmeldingsfrist:
15. april 2021 23:59

Vi inviterer til digital samling 21. april om endringar i vurderingsforskrifta og behandling av klage på standpunktkarakterar.

Publisert 30.03.2021

Statsforvaltaren inviterer til samling med tema standpunktvurdering, endringar i forskrift til opplæringslova kap. 3 (vurderingsforskrifta) og behandling av klager på standpunkt. Vi vil også formidle erfaringar frå fjorårets klagesaker.

Det blir halde to samlingar same dag, med same innhald (ei samling kl. 10-11 og ei samling kl. 13-14). Meld deg på det tidspunktet som passar best. Du finn påmeldingsskjema i høgre blokk. Samlingane blir gjennomført på Teams. Innkallinga vil bli sendt til e-postadressa til dei som melder seg på.

Samlinga er aktuell for rektorar i grunnskulen. Kommunen kan i tillegg melde på ein representant frå skuleeigar.

Dei som ønskjer å sende inn spørsmål i forkant, har høve til å gjere det i påmeldingsskjemaet eller på e-post til ein av kontaktpersonane.

Vel møtt!

Dato:
21. april 2021 10:00 - 11:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Rektorar og representant for skuleeigar
Påmeldingsfrist:
15. april 2021 23:59