Seminar om utviklingsarbeid på fosterheimsområdet
- Dato:
- 25. februar 2021 09:00 - 15:30
- Stad:
- Teams (digital samling)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette frå barneverntenestene, prosjektgruppene, KS, Bufetat, brukarorganisasjonar og kompetansemiljøa.
- Påmeldingsfrist:
- 18. februar 2021 17:00
Læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland inviterer alle som er interessert i utviklingsarbeid på fosterheimsområdet til digital samling. Påmeldinga er open og programmet er klart.
Som ein del av førebuingane til barnevernreforma og nye oppgåver på fosterheimsområdet samarbeider mange av kommunane i Vestland om ulike utviklingsprosjekt. Samlinga tek sikte på å bidra til erfaringsutveksling mellom prosjekta, og inspirere endå fleire kommunar til å komme i gang med sine førebuingar. Dei seks pågåande utviklingsprosjekta vil fortelje om sine prosjekt og seie litt om kva dei har erfart så langt.
Samlinga skal også vere ein stad der ein kan etablere kontakt med andre kommunar og kompetansemiljø som ynskjer å samarbeide om utviklingsarbeid.
På samlinga vil Bufetat legge fram kva planar dei har for å overføre sin kompetanse på fosterheimsarbeid til kommunane. Styringsgruppa har også invitert NORCE RKBU Vest å orientere om det arbeidet som er i gang knytt til utvikling og pilotering av ein heilskapleg grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. I tillegg vil Forandringsfabrikken saman med advokat Grethe Gilstad snakke om barns prosessrettar, og ein jurist frå Stasforvaltaren vil gå gjennom relevant lovverk og forvaltningsrett.
På slutten av dagen er det sett av tid til kommunane kan dele gode døme frå eigen praksis på fosterheimsområdet. Gje ein lyd til arrangør om du har noko du ynskjer å fortelje dei andre kommunane i Vestland om, eller om du kjenner til andre som gjer noko bra eller spennande som du ynskjer å høyre meir om.
Styringsgruppa vil informere om planlagde aktivitetar i læringsnettverket, fristar for å søke om nye tilskotsmidlar og vidare planar kring å førebu barnevernreforma. Det vil òg bli høve til å stille spørsmål kring utviklingsarbeid til Bufetat, Statsforvaltaren og kompetansemiljøa.
- Dato:
- 25. februar 2021 09:00 - 15:30
- Stad:
- Teams (digital samling)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette frå barneverntenestene, prosjektgruppene, KS, Bufetat, brukarorganisasjonar og kompetansemiljøa.
- Påmeldingsfrist:
- 18. februar 2021 17:00