AVLYST: Samling for kommuneoverlegar og legar i samfunnsmedisinsk arbeid

Dato:
26. november 2020 10:30 - 27. november 2020 15:15
Stad:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Kommuneoverlegar og andre legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane

Fylkesmannen inviterer kommuneoverlegane og samfunnsmedisinarane i Vestland til samling 26.-27. november. Samlinga er avlyst. 

Publisert 21.10.2020

På grunn av smittesituasjonen er samlinga avlyst.

Vi meiner dette er ein viktig møtestad for samfunnsmedisinarane i fylket. Programmet blir lagt ut her så snart det er klart.

Kurset vert søkt godkjent i Den norske legeforening.

Møtet er gratis, og vi dekker dagpakkar og felles middag. Vi bestiller og dekker også hotellovernatting for dei med lenger reiseveg (meir enn 1 time).  

Registrering startar klokka 10.30 torsdag 26. november, og vi byrjar med lunsj klokka 11.00. 

Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekke utgiftene til dagpakkar og eventuelt hotellrom. 

Påmeldingsfrist er sett til 10. november. 

Velkomne til samling!

Hotellet følgjer myndigheitene sine krav til smittevern. Vi ber om at alle deltakarar også gjer dette, og at du held deg heime dersom du er i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, mistenker at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19.

Dato:
26. november 2020 10:30 - 27. november 2020 15:15
Stad:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Kommuneoverlegar og andre legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane