Spreieareal for husdyrgjødsel
- Dato:
- 1. oktober 2020 12:00 - 14:00
- Stad:
- Webinar i Teams – lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Sakshandsamarar innan husdyrgjødsel, produksjonstilskot eller vassforskrift i landbruket, i kommunane i Vestland. Rådgivingsteneste og faglag.
Fylkesmannen i Vestland inviterer landbruksforvaltninga i kommunane til webinar om spreieareal 1. oktober. Det blir oppklaring om regelverk angåande spreieareal, tips til handtering, samt høve til å ta opp problemstillingar.
Mange føretak kan vere lite kjend med krava til spreieareal. God bruk av spreieareal er viktig for å medverke til god utnytting av husdyrgjødsla og for å redusere risiko for ureining.
Det blir gjennomgang av aktuelle tema og høve til spørsmål.
- Korfor spreieareal, kven sitt ansvar
- Tilsyn, berekning av krav til spreieareal
- Gamle godkjenningar av innmarksbeite som spreieareal
- Spreieareal og gjødslingsplan
- Kva gjer ein når ein manglar spreieareal, kva areal kan bli godkjent, korleis godkjenne nye areal
Vi tek imot innspel og spørsmål på førehand slik at vi kan tilpasse webinaret til behova. Lenka til arrangementet blir sendt til dei påmeldte dagen før.
Det er ein fordel å vere kjend med følgjande:
Spreieareal for husdyrgjødsel (Fylkesmannen i Vestland)
Forskrift om organisk gjødsel (§ 24, §§ 29-36 og vedlegg 2)
- Dato:
- 1. oktober 2020 12:00 - 14:00
- Stad:
- Webinar i Teams – lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Sakshandsamarar innan husdyrgjødsel, produksjonstilskot eller vassforskrift i landbruket, i kommunane i Vestland. Rådgivingsteneste og faglag.