Forvaltningsrettssamling for skule og barnehage

Dato:
17. september 2020 10:00 - 12:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Skule- og barnehageansvarlege

Jobbar du med klagebehandling på skule- eller barnehagefeltet? Bli med på digital samling 17. september.

Publisert 31.08.2020

Vi har gleda av å invitere deg til samling om forvaltningsrett. Samlinga er relevant for alle som mottar eller behandlar klager, eller rettleier om klagebehandling. Vi oppfordrar skule- og barnehagetilsette som arbeider med temaet til å melde seg på. Sjølv om du mottar mange eller få klager, er samlinga relevant for deg.

Samlinga skal bidra til lik forståing og praktisering av regelverket. Vi vil gå steg for steg gjennom prosessen frå ein mottar ein klage, til ein eventuelt sender over saka til klageinstansen. Det vil vere mogleg å stille spørsmål både i forkant av samlinga, og fortlaupande etter kvart som spørsmål dukkar opp. 

Samlinga blir gjennomført på Teams. Innkallinga vil bli sendt til e-postadressa til dei som melder seg på. Møtet har ei øvre grense på 250 deltakarar, og vi legg opp til førstemann til mølla. Dette kan føre til at vi må kutte ned på tal deltakarar, til dømes frå den enkelte kommune. I så tilfelle vil de få beskjed om dette.

Dei som ønsker å sende inn spørsmål i forkant kan skrive dei inn i påmeldingsskjemaet, eller sende dei på e-post til kontaktpersonen: fmholin@fylkesmannen.no.

Følg denne lenkja for å melde deg på: Påmeldingslenke

Påmeldingsfrist: 10. september 2020.

Vel møtt!

Dato:
17. september 2020 10:00 - 12:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Skule- og barnehageansvarlege