AVLYST: Prosjektutviklingsseminar og barnevernleiarsamling i Førde
- Dato:
- 21. april 2020 09:30 - 22. april 2020 15:00
- Stad:
- Førde, Scandic Sunnfjord Hotell
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og Styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland
- Målgruppe:
- Leiarar og ressurspersonar frå barneverntenestene, prosjektgruppene og kompetansemiljøa.
Grunna situasjonen med fare for koronasmitte blir arrangementet avlyst. Vi kjem tilbake med nærare opplysningar om eventuell ny dato. I mellomtida kan kommunane rette spørsmål kring dei utlyste stimuleringsmidlane per e-post til kontaktpersonane de finn til høgre på sida.
Vi ønsker å invitere alle barneverntenestene i Vestland til å delta på seminar med fokus på tenesteutvikling, både pågåande utviklingsprosjekt og vidareutvikling av nye utviklingsprosjekt på tvers av kommunegrenser.
Samlinga vil være en arena for å snakke med andre kommunar, kompetansemiljø, brukarorganisasjonar og fylkesmannen om idear til nye og pågåande utviklingsprosjekt. De vil få naudsynt informasjon om krav til å søke om tilskot til nye prosjekt og fristar. Dei pågåande utviklingsprosjekta vil legge fram sine prosjekt og planer for vidare arbeid.
Den 21. april vil vi ha fokus på endringane i barnevernet og kompetansesatsinga, dei pågåande utviklingsprosjekta, kompetansemiljøa sitt arbeid og prosessarbeid i grupper med mål om å finne saman om nye utviklingsprosjekt.
Den 22. april blir det to parallelle program:
- Leiarforum for barnevernleiarar (og nestleiarar og gruppeleiarar)
- Arbeidsseminar for utviklingsprosjekta. Målgruppe: Prosjektgruppene for pågåande utviklingsprosjekt og dei som ynskjer å gå saman om søknadar om nye utviklingsprosjekt
Dei som ønskjer å nytte seg av anledninga, kan disponera eigne grupperom for å jobbe vidare med sine prosjekt, og vil ha tilgang på råd og innspel frå kompetansemiljø, brukarorganisasjonar og Fylkesmannen. I løpet av dagen vil vi også samle gruppene til to fellesbolkar, som dei som ønskjer det kan nytte seg av.
Fylkesmannen dekkjer overnatting og middag for dei som deltek begge dagane, og utgifter til leige av grupperom og lunsj begge dagar.
Alle som deltek på samlinga er velkomne til å delta på middag kl. 19.00 den 21.april 2020. Dersom det er nokon som har lang reiseveg og treng overnatting i forkant av samlinga kan de sende ein på e-post til kontaktperson for samlinga.
Sjå program for meir informasjon. Påmeldinga er opna.
Merknadar:
- Dersom det vert stor pågang på samlinga, vil vi sette tak på tre deltakarar frå kvar kommune, i så tilfelle vil me ta kontakt med dei kommunane som har meldt på fleir enn tre.
- Det blir om lag tilsvarande program på samlingane i Førde 21.-22. april og på Flesland 12.-13. mai, så vi vil råde dykk til å velje å delta på den samlinga som passar best for dykk. Alle kommunane i Vestland er velkomne til å melde seg på den samlinga som dei finn passar best for seg.
- Det er heilt greitt om de berre ønskjer å delta på ein av dagane.
- Kommunane dekkjer sjølv reiseutgifter til samlinga.
De kan ta kontakt med oss om de har spørsmål til samlingane. De kan òg finne meir informasjon på læringsnettverket si hovudside.
- Dato:
- 21. april 2020 09:30 - 22. april 2020 15:00
- Stad:
- Førde, Scandic Sunnfjord Hotell
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og Styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland
- Målgruppe:
- Leiarar og ressurspersonar frå barneverntenestene, prosjektgruppene og kompetansemiljøa.