Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet 19. september 2019
- Dato:
- 19. september 2019 09:00 - 15:00
- Stad:
- Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet
Tema for samlinga blir endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet.
Arbeids- og velferdsdirektoratet vil delta med innlegg , og vi legg opp til gruppediskusjonar og erfaringsutveksling mellom deltakarane.
Dersom de har problemstillingar knytt til regelverket som de ønskjer at Arbeids- og velferdsdirektoratet skal svare på og/eller tema de ønskjer å drøfte med dei andre deltakarane når det gjeld praktisering av regelverket, så meld frå om det på e-post innan påmeldingsfrist 30. august. Send til Fylkesmannen i Vestland ved Siren Rørgård Skjerven, e-postadressa finn de under "kontaktpersonar".
Praktisk informasjon og påmelding
Registrering i resepsjonen hjå Skatteetaten frå kl. 08.30.
Samlinga er gratis, og deltakarane får servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga. Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 18.-19. september 2019 for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Denne regelen blir praktisert strengt. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet. Fylkesmannen dekker ikkje reiseutgifter.
Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmelde, slik at flest mogeleg kommunar vert representerte. Nav-leiar/sosialsjef vert om naudsynt kontakta. Personar som ikkje er tilsette i Nav-kontor kan ikkje rekne med å få plass på samlinga.
Påmeldingsfrist er 30. august kl. 15.00. Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga etter at påmeldingsfristen er gått ut.
Meir om nettverkssamlingane og arbeidsgruppa finn du her.
- Dato:
- 19. september 2019 09:00 - 15:00
- Stad:
- Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet