Skjønnsmidlar til kommunar etter ekstra utgifter og smittetal for covid-19
Fylkesmannen har fordelt 133 mill. kroner i skjønnsmidlar til 37 kommunar i Vestland etter ekstra utgifter og smittetal som følgje av covid-19.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skjønnsmidlane er fordelte etter vedtak i Stortinget (prp. 48 S), og vi har i fordelinga lagt til grunn følgjande modell/kriterium:
- Folkehelseinstituttet (FHI) sin statistikk for tal smitta personar i november månad (40 prosent)
- anslag ekstra utgifter frå siste rapportering frå kommunane og fram til 1. desember (40 prosent)
- FHIs smittetal per 1000 innbyggjar for november (20 prosent)
- samla vurdering av sum skjønnsmidlar etter smittetal og innmelde anslag på ekstra utgifter for kvar kommune i heile pandemiperioden (mars – november)
For det siste kriteriet betyr det at enkelte kommunar har fått tildelt skjønnsmidlar utover det som er meldt inn av ekstra utgifter for november månad. Dette er også vurdert i samanheng med smittetal for heile perioden.
Som følgje av covid-19-utbrotet, er det i fem fordelingar samla fordelt 310 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i Vestland i 2020.
Du finn aktuelle dokument til høgre i artikkelen.