Fordeling av resterande skjønnsmidlar
Fylkesmannen har fordelt resterande skjønnsmidlar til kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane med til saman 12 mill. kroner.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Beløpa for ikkje-fordelte skjønnsmidlar i 2019 var kr 5 950 000 for Hordaland og kr 6 045 000 for Sogn og Fjordane. Vi har bede departementet om at midlane blir fordelte til følgjande kommunar:
Hordaland | Kroner |
Bergen | 400 000 |
Samnanger | 1 400 000 |
Askøy | 2 250 000 |
Austrheim | 1 900 000 |
Sogn og Fjordane | Kroner |
Flora | 3 000 000 |
Hyllestad | 500 000 |
Årdal | 900 000 |
Jølster | 545 000 |
Naustdal | 1 100 000 |
I fordelinga har Fylkesmannen lagt vekt på heilskapleg økonomi, vurdert i samanheng med enkelte hendingar og særlege tilhøve som har oppstått i kommunane i løpet av budsjettåret, og som ikkje blir vareteke gjennom inntektssystemet eller andre tilskotsordningar. Saman med dette er det også gjort vurderingar av økonomien for enkelte kommunar i overgangen til ny kommune frå 2020. I vedlagde brev er det nærmare omtalt kva omsyn vi har lagt vekt på for kvar kommune.