Osterøy kommune ute av Robek
Osterøy heradsstyre har vedteke ein økonomiplan for 2022 - 2024 i balanse og blir derfor meld ut av Robek. Kommunen sitt budsjett- og økonomiplanvedtak for 2021 - 2024 er godkjent.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunen var meld inn i Robek i mars 2020 på grunn av at driftsdelen i økonomiplanen vart vedteken med eit meirforbruk, og at ikkje alle år hadde dekning for dei totale utgiftene.
Etter førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er rekneskapen for 2020 avslutta i balanse, og meirforbruket er nedbetalt ved hjelp av disposisjonsfond.
Statsforvaltaren skal føre lovlegkontroll av budsjettvedtaket til Osterøy kommune etter kommunelova § 28-3. Vi har føreteke kontrollen, og meirforbruket frå 2020 og for budsjettåret 2021 er dekt inn.
Osterøy kommune har vedteke ein økonomiplan for åra 2022 - 2024 i balanse og blir derfor meldt ut av Robek etter kommunelova § 28-5 andre ledd. Kommunen sitt budsjett- og økonomiplanvedtak for 2021 - 2024 er godkjent.
Sjå vedlagt brev til kommunen.
Kontaktpersonar
-
Nils Erling Yndesdal
Tlf: 57 64 31 20 / 95 72 33 72 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35