Høyanger kommune ute av Robek

Høyanger kommunestyre har vedteke rekneskapen for 2023 som viser at alt meirforbruk (underskot) no er dekt inn. Kommunen blir derfor meldt ut av Robek-registeret.

Publisert 05.07.2024

Høyanger kommunestyre vedtok i møtet 21. juni, sak 61/24, rekneskapen for 2023. Meirforbruket frå 2022 på nær 32 mill. kroner vart der vedteke dekt inn. Etter høge inntekter frå sal av kraft og Havbruksfondet fekk kommunen eit svært godt resultat i 2023, og kunne i tillegg til å dekkje inn meirforbruket setje av 40 mill. kroner til disposisjonsfondet. Men driftsnivået for tenestene har over tid vore for høgt ut frå inntektene. Dette har, samanlikna med budsjett, ført til vesentlege høgare forbruk samla sett for tenesteområda, og frå 2025 er det i økonomiplanen budsjettert med 25 mill. kroner i årlege innsparingstiltak.

 

Etter utmeldinga av Høyanger kommune, er det difor gledeleg, både for kommunane og Statsforvaltaren, at det igjen ikkje lenger er kommunar i Vestland som er registrerte i Robek.

Informasjon om Robek-registeret

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.