Fordeling av restskjønnsmidlane for 2023
Statsforvaltaren har fordelt 10 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren har for 2023 hatt ei ramme på 139,1 mill. kroner til fordeling av skjønnsmidlar til kommunane i Vestland. Det er gjennom statsbudsjettet, prosjektmidlar og andre ordningar for kompensasjon av skjønnsmidlar tidlegare fordelt 129 mill. kroner. I tildelinga av resten av midlane har vi lagt vekt på overordna økonomi til kommunane, og kommunar som har hatt meirutgifter etter ekstraordinære hendingar i budsjettåret. Kommunane Bømlo, Stord, Øygarden, Gloppen og Stryn får midlar grunna ein vanskeleg overordna økonomisk situasjon, og at kommunane bør avsetje midlane til å styrke dei frie driftsreservane. Kommunane Hyllestad, Aurland og Stad har sendt søknader om kompensasjon etter ekstraordinære hendingar, og har fått tildelt midlar ut frå det.
Kommunar som har fått midlar no:
Kommunenr. | Kommune | Kroner |
4613 | Bømlo | 1 700 000 |
4614 | Stord | 2 500 000 |
4626 | Øygarden | 3 000 000 |
4637 | Hyllestad | 150 000 |
4641 | Aurland | 150 000 |
4649 | Stad | 75 000 |
4650 | Gloppen | 1 500 000 |
4651 | Stryn | 1 000 000 |
Sum | 10 075 000 |
Les meir om tildelingane i vedlagde brev.