Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn frå oppgradering av E16 Lærdalstunnelen
- Høyringsfrist:
- 24. mars 2025 23:00

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn frå oppgradering av E16 Lærdalstunnelen, med utslepp i kommmunane Aurland og Lærdal.
Anleggsarbeida er forventa å starte opp i mai 2026, og ein reknar med at sprengningsarbeida vil ta omlag 2 år. Utslepp av reinsa drivevatn vil vere til resipientane Aurlandselvi i Aurland kommune og Kjerringgjel, ei sideelv til Lærdalselvi, i Lærdal kommune.
Statens vegvesen har gjennomført ei miljørisikoanalyse for resipientane. Desse analysane og resultat frå ulike undersøkingar av partikkelforureining på fisk, har ført til at Statens vegvesen foreslår grenseverdiar ut frå reinseanlegga som gjer at dei to vassdraga ikkje vil bli permanent negativt påverka av utsleppa frå driving av Lærdalstunnelen, og at dei økologiske og kjemiske miljømåla kan bli nådd.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/18470. Frist for å gje fråsegn er 24. mars 2025.
Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 24. mars 2025 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35