Søknad om anleggsarbeid i sjø for utviding av industriområde på Botnastranda i Kinn kommune

Høyringsfrist:
13. januar 2025 23:00
Oversiktskart for utfyllingsområdet ved Kneteberget på Botnastrand i Kinn kommune.

iVest Consult AS søkjer på vegne av Julnes Eigedom AS om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å utvide industriområde på Botnastrand i Kinn kommune. 

Publisert 28.11.2024

Anleggsarbeidet omfattar utfylling i sjø for å utvide industriområde som ligg ved Kneteberget på Botnastranda i Kinn kommune. Det planlagde tiltaket gjeld eigedom med gards- og bruksnummer 18/233 og 18/253. Arbeidet vil innebera utfylling av om lag 4 700 m3 med rein sprengstein i eit sjøområde på 565 m2, og massane vil bli brukt i samband med eige prosjekt frå Havikbotn næringsområde. Arbeidet er planlagt å starta i 2025 og vil halde fram i 0,5 – 1 år, avhengig av godkjenningar og eventuelle avgrensningar i anleggsperioden.

iVest har i den vedlagde søknaden beskrive arbeida, gjort ei risikovurdering av anleggsarbeid ut frå kjende marine naturtypar, og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining til eit akseptabelt nivå. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/17270. Frist for å gje fråsegn er 13.  januar 2025.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.