Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid Røldal kraftverk i Ullensvang kommune
- Høyringsfrist:
- 1. november 2024 23:00
Hydro Energi skal utbetre magasindammen i Valldalen i Røldal kraftverk. Tiltaket består av nytt flaumoverløp, inkludert utviding av vegen inn i terrenget mot vest, ny flaumtunnel og ny tappeluke i nytt lukehus. Høyringsfrist for uttale til søknad om løyve er 1. november 2024.
Norconsult har i vedlagte søknad risikovurdert anleggsarbeida og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå. Både i Valldalsvatnet og i Storelva nedstraums planlagt utslepp er det registrert høg tettleik av aure.
Hovuddelen av anleggsarbeida er planlagt gjennomført sommar og haust 2025 og ein tek sikte på å fullføra arbeid ila sommaren 2026. Sjølve drivinga av tunnelen har ein varigheit på nokre månader.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/13853. Frist for å gje fråsegn er 1. november 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 1. november 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35