Søknad om undervassprengning - Monken beredskapskai i Vik for Statkraft Energi

Høyringsfrist:
12. august 2024 23:00

Statkraft Energi søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet er å auke seglingsdjupne ved kai på Vangsnes gnr./bnr. 97/232 i Vik kommune

Publisert 27.06.2024

Tiltaket omfattar undervassprenging av ca. 1 100 m3 fjell og omplassering av massane på djupare vatn rett utanfor.

Multiconsult har risikovurdert tiltaket i vedlagte søknad og føreslår kontrollert sprengning (fordemming, forseinka tenning mm).  

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/6657. Frist for å gje fråsegn er 12. august 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn