Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø for utviding av næringsareal - Trolleskjæret AS i Kinn kommune
- Høyringsfrist:
- 12. august 2024 23:00
Trolleskjæret AS skal utvide industriområdet på eigedom gnr/bnr. 28/1028 i Kinn kommune basert på utfylling i sjø. Det utvida arealet trengs fordi det er behov for nye sjønære næringsareal og attraktive hamnefasilitetar for å ta høgde for framtidig vekst og langsiktige satsingar innan næringar i regionen.
Det skal fyllast ut ca. 171 000 m3 stein over eit sjøbotnareal på ca. 20 000 m2. Utfylling skal skje frå sjø med lekter. Det skal i første omgang nyttast sprengstein frå Kystverkets pågåande utdjupingsprosjekt i innseglinga til Florø.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/10198. Frist for å gje fråsegn er 12. august 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 12. august 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Høyringsbrev.pdf
- Søknad om fylling i sjø Gunhildvågen.pdf
- Miljøgeologiske grunnundersøkelser i sjø Multiconsult.pdf
- GunhildvågenTrolleskjeret kotekart masseberegning.pdf
- Multiconsult Bølger og overskylling Måsholmen.pdf
- Veseth geoteknsik notat.pdf
- Følgjebrev Dispensasjonssøknad Nabovarsel.pdf
- 2022195_Føresegner_Gunhildvågen_20240529.pdf