Søknad om anleggsarbeid i sjø - Statens vegvesen etablering av ny liggekai - E39 Oppedal ferjekai
- Høyringsfrist:
- 16. august 2024 23:00
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø.
Statens vegvesen skal Statens vegvesen skal etablere liggekai ved E39 Oppedal ferjeleie. Høyringsfrist er 16. august 2024.
For å etablere kaia må det mudrast ca. 7 700 m3 sediment over eit sjøbotn areal på ca. 1 800 m2. Muddermassane er finmasse og egnar seg ikkje som masse til bygging. I staden for å ta massen på land og flytte den til godkjent deponi søker Statens vegvesen om å forskyve massane til djupare områder utafor kaiområdet. Sjøbotn er undersøkt for innhald av tungmetall og organiske miljøgifter og det vart ikkje funne forureining i prøvane. Sjå vedlagte søknad.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/9461. Frist for å gje fråsegn er 16. august 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 16. august 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35