Søknad om anleggsarbeid i sjø - utviding næringsareal - Domstein på Raudeberg i Kinn kommune

Høyringsfrist:
28. juni 2024 23:00

Domstein AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet med tiltaket byggje ny kai, produksjonslokale og fryselager plassert på ei utfylling i sjø. 

Publisert 31.05.2024

Anleggsarbeida omfattar utfylling av 64 000 m3 steinmassar over eit sjøbotn areal på 12 200 m2. Prosjektet vil nytta overskotsmassar frå Stad skipstunnel. Arbeida i sjø er estimert til maks 4 mnd og skal utførast i perioden september til februar då det er naturleg lav biologisk aktivitet i sjøen. Multiconsult har i søknaden (tabell 1, side 6-7) føreslått ei rekkje avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad frå utfyllinga.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/8359. Frist for å gje fråsegn er 28. juni 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn